Møreforsking MoldeMøreforsking Molde ASBritvegen 4 N-6411 MOLDE Tel +47 71 21 42 90 Fax +47 71 21 42 99 mfm@himolde.no |
Kompensasjonsordninga for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgiftEit regionalpolitisk eksperimentDenne rapporten er skriven etter oppdrag frå Regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og regionaldepartementet (KRD). Bakgrunnen var innføringa av kompensasjonstiltak for auka arbeidsgivaravgift innført frå og med 2004 og behovet for ein følgjestudie. Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift opphøyrde frå og med 1. januar 2004 og vert gjeninnført i store delar av landet frå 1. januar 2007. Grunnen til både bortfallet og gjeninnføringa er knytt til tolking av EØS-avtaleverket og er ikkje tema her. Men denne endringa førte til at ein i tre år gjennomførte eit fullskala regionalpolitisk eksperiment der mellom 2 og 3 milliardar kroner blei nytta til direkte og indirekte støtte til næringsliv og samfunn og i det vesentlege styrt av næringslivet sjølv. KRD har fordelt midlane til fylka med grunnlag i berekna tap. På fylkesnivå har ein hatt stor fridom i både organisering og middelbruk, så sant dette var i samsvar med EØS-regelverket og overordna føringar frå departementet. Den organisatoriske kreativiteten har vore svært stor, frå sterkt sentraliserte modellar i fylke som Sogn og Fjordane og Troms til regionalisert forvaltning i fylket, som Nordland og Møre og Romsdal. I alle fylke har næringslivrepresentantar hatt fleirtal i vedtaksorgan og fylkeskommunen har normalt hatt ei tilbaketrekt rolle dels som sekretariat, system- og rapporteringsansvarleg m.m. Fylkespolitikarar er normalt lite aktivisert, men over tid har ein sett aukande samarbeid, spesielt knytt til strategiutvikling, mellom dei næringslivprega vedtaksorgana og fylkeskommunen. Samarbeidet med aktørar som Innovasjon Norge (IN) varierer sterkt mellom fylke og regionar, like eins rolla til næringslivorganisasjonar som NHO, LO, bransjeorganisasjonar m.m. Kva aktørar som blei aktivisert i oppstarten synest å prege organisering og arbeidsmåtar. Eit gjennomgåande trekk er at dei mest involverte aktørane er godt fornøgd med organiseringa i sitt fylke, nettverk er skapt eller utvida m.m. Sjølv om ordninga har ført til styringsmodellar der offentlege midlar blir disponert av organ leia av næringslivet sjølv, har vi sett få negative konsekvensar av denne styringa, derimot mange positive som eit mykje høgre engasjement frå næringslivet enn i disponering av andre offentlege midlar til næringsutvikling. På dette tidspunktet har vi lite grunnlag for å vurdere nokon modell som betre enn andre, og det er i seg sjølv interessant at modellvala synest å vere prega av dei regionale utfordringane og tradisjonane i dei ulike fylka. |
Ditribueres av Møreforsking Volda/ Høgskolen i Volda www.hivolda.no/fou |